Personlig bilde

Hagle med damaskløp (Hagle)

av Hiorthefot @, Asker, fredag 3. oktober 2014, kl. 20:19 (1300 dager siden) @ øyvind

Det er vel allment kjent at våpen med damaskpiper etter så mange år bare er til pynt. Dei er ikkje rekna som trygge lengre etter over meir enn hundre år.

Kan hene ikkje så farlege for ei rifle ettersom desse vanlegvis har mykje meir gods i kammeret, men å skjote med damaskhagle er i alle fall ikkje trygt.

Faren med damask er at desse aldri er garantert tette i godset. Det kan derfor under bruk legge seg etsande kjemikalier inne i godset som kan gje usynlege skader. Våpen der pipa er bygd med trådar vikla rundt ein rund tein, og i etterkant sveisa i essa, er ekstra farlege. Og denne byggemetoden er vanleg for hagler.

Så damaskvåpen bør bare brukast med innleggsløp/kammer eller med ein solid liner.

Ellers blei våpna i hine harde dage med svartkrut trykktesta på denne måten:

Tak skjeftet av våpnet. Lad med dobbelt krutladning og to kuler. Surr pipa fast på ein trestokk og bruk lunte eller lang snor for avtrekk. Avfyr mot trygg bakgrunn under trygg dekning.


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum