Stål og gamle våpen (Hagle)

av Carbon @, tirsdag 26. januar 2016, kl. 21:35 (729 dager siden) @ laffa

En ren stålladning vil altså øke trykket..

Ein kan vel egentlig bruke både gull og gråstein som projektil(hagl) så framt kruttladninga er tilpassa dette. :-)

Saken med stålhagl er først og fremst den auka mekaniske belastninga på løp og trangboring som dette materialet gir i forhold til f.eks bly.

Det er i trangboring(choke) at problemet med stålhagl er værst (med tanke på manglande evne til å komprimere seg), og jo trangare boring, jo verre.

Det maksimale kammertrykket blir ikkje høgare pga av akkurat dette, her er det sjølve løpsveggane i trangborings-partiet som blir utsatt for ein overdose med mekanisk "juling" når stålhagl-ladninga passerer.

I eit 100 år gammalt våpen med piper i tynt gods av "betænkelig styrke" ville eg ikkje brukt stålhagl for alt i verden dersom pipene hadde den minste antydning til trangboring.
(For øvrig synes eg ikkje at stålhagl har noko å gjere i vakre våpen uansett ;-) ).

Og i tillegg trengst det også ein solid hagl-kopp(sabot) for å beskytte sjølve løpet mot kontakt med stålhagla.


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum