Remingtongeværer, priser til skytterlag (Patronvåpen)

av Ølver, lørdag 29. juli 2017, kl. 12:38 (352 dager siden) @ Jon

Vyrde skyttarar !

Eg ser de ser på prisar på Krag gevær og Kongsberg rolling block for hundreogti år sidan.
Sett opp mot konsumprisindeksen vert jo desse låtteleg billige.

Set ein dei derimot opp mot lønnsnivået då og i dag , vert bilde noko endra.
Ei svært god industriløn den gong var kr 1500,- pr år. Lausarbeidarar , småbrukarar og andre småkårsfolk tente langt mindre .

Seier ein ei lønn på kr 450.000,- i dag - og deler på kr 1500,- så får vi eit høvetal på 300.

Gang så dette med prisen den gong. Då får ei kanskje eit rettare bilde av kor dyre våpen kunne
vera for vanlege ungdommar og bygdefolk.

Her i Kvinnherad fantes der nesten ingen rifler blant " allmuen "den gong.

Beste våpenhelsing
Ølver Johs. Hjelmeland


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum