Kaliber (Jakt)

av Ølver, lørdag 31. mai 2014, kl. 00:39 (1297 dager siden)

Hey !

Eg les i tyske våpenkatalogar om kaliber 9,3 x72r. Det synes vera det mest bruktekaliber i eldre drillingar. Lada med 55 grain svartkrut og 14,5 gr blykule vart det bruka på alt europeisk vilt.

Har nokon her på forumet røynsle eller meiningar om dette kaliber. Der finnes jo utallige våpen i dette kaliber.

Elles forundrar energikrava til storvilt meg . Eg forstår at ein elg på 300 kg slaktevekt er noko.

Men ein hjort på 20 til 65 kg slaktevekt er vel noko anna. Det er ikkje alltid den same gleda å ta iferde med slaktinga av eit slikt dyr , for så skulla dela ut kjøt til gode naboar.

Dyra datt like fort for den gamle Kragen som for 30.06 Mauser . Og sjøv har eg prøvd 9,3x62 med same resultat og røynsle . Dei gamle som jakta med 12mm remington , fortel at det var eit utmerket kaliber ut til 100m. Det var her like effekrivt som Mauseren. Og på desse avstandar vert vel 90 % av dyra fellde i dag og. Dette til svartkrutets pris.

Vi har no berre et liv og døyr berre ein gong.

Med helsing

Ølver Hjelmeland

RSS på tråd
powered by my little forum