Lefaucheux i arv?

Started by sol, 12. July 2023 kl. 16:01:31

Previous topic - Next topic

sol

Hei!

Eg arva ein revolver som eg trur er ein Lefaucheux pinfire.

Håpar Dykk, kan fortelje litt om kva eg har liggjande?

Hadde vore kjekt å visst litt meir om den.

Ser ein K stempla på "tønna" også eit merke E, L, G.. Er den produsert på Kongsberg kanskje?
Ein Z på løpet..

Den kjem frå Bergensområdet

På forhånd takk!




Harald

Hei! Ein triveleg stift-tennings-revolver, eller pinne-fyrar!

Lefaucheux merka så vidt eg veit sine med «LF» og serienummer, gjerne òg ein stilisert pistol «knekt» som ei hagle. Mange fabrikantar laga slike, men ein Lefaucheux-type, kan ein nok kalla han.

«ELG» med stjerne under i oval, er eit belgisk godkjennings-stempel frå Liege. «ELG» har ikkje krone over, og er då mest truleg frå før 1893.

Bokstaven er nok ein stor «N» med krone (liggande), eit kontrollmerke. I Belgia var ulike store bokstavar og krone i bruk fram til omlag 1877, då stor bokstav og stjerne kom i bruk.

Kva er kaliberet? Mål gjerne med skyvelære fremst i tønna og i munningen på pipa. Går ut ifrå at løpet er rifla?

Mvh H.

sol

Tusen takk for informasjon! Veldig spennande ;D ,lurar på korleis den har enda opp hos oldebesten.

Målte kaliber til 9mm, rifla løp.

Ellers få tok eg den litt i frå kvarandre og fann nokre merke under skjeftet. Eg legg ved bilete.


sol

Etter litt puss, dukk det opp eitt tal på undersida av løpet også. 40IMG-3446.jpg

sol

#4
Målte feil sist, kaliber er nok 11mm. 12,5cm løp

Harald

#5
Ikkje puss for mykje :o Olje og fille er ein vinnar, finaste stålull med olje til nød. Har hatt ring til fangsnor... Kan hende det er eit militært våpen, når kaliberet er såpass grovt. Militære pinnefyrarar er gjerne 11-12 mm. Men merkinga ser ut til å vere sparsam, det tyder truleg på eit privat våpen. Stemplene under skjeftet kan seie kven som har produsert revolveren. Det må studerast nærare av folk som veit meir om emnet enn meg. Helsing frå H.

sol

Tusen takk for hjelpen ivertfall og gode råd.

runastav

Flott revolver sol! Den nærmeste jeg finner i bla denne boka er denne revolveren ;)
Helsing Runar