Kva seier sagaen om krut?

Started by James E. Knirk, 10. March 2004 kl. 10:50:59

Previous topic - Next topic

James E. Knirk

Hei, lurer på om du har kjennskap til kva sagen seier om krut? Eg har kome over opplysningar om at dei gamle islendingane faktisk hadde kjennskap til sorten, frå deira ekspidisjonar til Kina.

Eg er i ferd med å publisera ein pamflett om emnet, og er særs interessert i å knyta til meg ekstern fagkunnskap om emnet.

Kan også lova, utan å ta for hardt i, at det kan vanka ein hyggjeleg skillemynt til den som fattar interesse for dette.

Med von om debatt og svar.

James E. Knirk

Øyvind F.

:knegge:

Odd Bendik, no må du ikkje dra Knirk langt ned i svartkrutslammet, og attpåtil få Einar, sjølvaste Vesle-Knirk, med på det. Orsak dei mange relative innskotne bisetningane. Kjenner eg Vesle-Knirk rett så er det nok du som har lokka han ned i dette uføret. Du veit vel at han er ekstra lett å lede på ville vegar rett føre ein norrøntime. Han kjem til å grete seg i svevn igjen i kveld grunna det han no har gjort.

Spørsmålet var likevel ikkje så hakkande dumt. Dersom du tar ein kikk i Laurentius-soga så vil du finne at i 1294 så kom det ein mann frå Flandern på vitjing til kong Eirik Magnusson i Bergen. Denne flandenseren hadde krut med seg som han small og breste seg med. Så seier soga. Du finn henne nok på originalspråket i katakombene under HF.

:headbang:
Øyvind F. - forum admin
Ta også en kikk på kammerlader.no.