Takk for svar JJ. Våpenkortet (ja, den er registrert...) seier den er i 12x42 (sjølv om det visstnok står 18x42...), men eigar meiner den er i 12 mm. Eg har ei originalpatron 12x44r Hagen som eg skal teste i kammeret ved seinare høve.
Eg såg ikkje så nøye på baksiktet, men det kan eg gjere ein annan gong. Når det gjeld pipa så beit eg meg merke i at kroninga var veldig bra. Kven veit, kanskje fordi det er gjort av ein børsis i ettertid. Trur eg må sjå litt meir nøye på våpenet og måle litt.