Import av antikke våpen. (Våpensamling)

av Fagerstad @, Vestlandet, mandag 12. april 2004, kl. 18:59 (5722 dager siden) @ Helge. F

Er det noen som vet hvordan det er å importere antikke våpen fra utlandet,
USA for eks. Har lyst til å kjøpe meg en colt army/navy, og har vært ute
på nettet og funnet en del bra steder med antikke våpen. Desverre ser det
ut som at jeg må importere, ettersom jeg ikke har funnet noen i norge til
"lav pris".Håper noen kan hjelpe meg:-)

Når våpenet er registreringsfritt i Norge så bør det ikkje vere komplisert. Eg har prøvd å finne ut det same og fekk til svar frå Tollvesenet at ein måtte ha importtillatelse sjølv for registreringsfrie våpen. Det var såvidt eg skjønte våpenkontoret for Bergen Politikammer (det er vel Odda som behandlar no?) som kom med den infoen etter førespurnad frå Tollkontoret eg kontakta. I utgangspunktet er ikkje det komplisert for politiet vil garantert hjelpe deg med ervervstillatelse og vil neppe kreve gebyr for det. Iallfall fekk eg det til svar da eg spurte politiet. MEN om kravet om importtillatelse held juridisk er eg meir usikker på. Det er mange som ikkje er einig i dette. Eg vil tru at eit antikt våpen vil bli stoppa i tollen og så blir det opp til mottakar å bevise at dette våpenet ikkje er registreringspliktig. Kan tenke meg at det ikkje er så lett å overbevise ein tollar om at f.eks. ein M1873 produsert i 1891 er registreringsfri...


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum