Munnlader hagle. Arvegods. Identifisering (Identifisering)

av KIRA, tirsdag 22. september 2015, kl. 05:39 (1341 dager siden) @ arn-hat

Har ikkje kjennskap til børsa di, men vil gjerne opplyse om flinke bygdesmeder på Osterøy. Sivert Hagebø, var ein av dei. I slutten på 1800 til bgynnelsen av 1900, produserte han nye haglgever, eller bygde om perkusjonsgever til brekkgever. Det skal vera over 100 stk av desse. Det må vel finnast nokon igjen av desse, har sett 3 stk av dei. Ein prestasjon når ein tenker på kva dei hadde å hjelpa seg med, tenk berre utan strøm. Har forresten ei som bestefar min lagde, i god stand.


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum