Personlig bilde

Lee Alox flytende kulefett. (Ikke spesifisert)

av bosnes @, Volda, tirsdag 18. februar 2020, kl. 20:21 (39 dager siden) @ Mr. Pitt

Eg har ikke erfaring med Lee Alox. Men eg har ei lita "betraktning" omkring same tema. Eg har eit inntrykk av at vi svartkruttskyttarar er i overkant ivrige til å avvise alt av moderne materiale. Det er sjølvsagt forståeleg i og med at vi gjerne vil vere "historisk korrekte". Men om vi snakkar om best mogleg presisjon/funksjon osv., og let vere å tenkje så mykje på autensitet, kan det kanskje likevel vere noko å hente med å sjå på meir moderne fluidum? Eg har to konkrete eksempel:

1) Ein av dei mest populære pistolene i Kuchenreuter replika er Feinwerkbau History No 1. Kva tilrår fabrikken som smøremiddel på lappane, og som smøremiddel generelt? Jau, molybden: "MoS2-Spray".

2) Eg er sjølv i den glade heldige situasjon at eg har ei Dedinski børse i kaliber .38 for Vetterli. Her brukar eg ei langkule, og kva er anbefalt smøremiddel på kula? Jau, grafittolje (Freischuts våpenolje med grafitt - grøn sprayboks) i meeeget tynt lag.

Og eg kan stadfeste at begge desse to fungerer svært godt.

Kanskje er det ei myte at vi berre skal bruke "gamaldagse" produkt som smøremiddel?

Eg er nesten ein nybyrjar, så eg har ingen fasit, men eg har fått med meg at internasjonalt på toppnivå er det mange moderne smøremiddel i bruk.

Ser fram til ein interessant og lærerik diskusjon!

Mvh
Bjørnar Osnes


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum