Treng råd om sliping av kammerstykke (Kammerlader)

av Fagerstad @, Vestlandet, søndag 22. juni 2008, kl. 18:52 (4138 dager siden)

Eg har ein M1855 Landmark som eg har tenkt å pusse opp til skyting etter å ha blitt hekta etter ei skytesamling med gamle våpen. Kammerstykket er ikkje nummerlikt med løpet og vedkommande som sette dei saman gjorde ikkje så god ein jobb. Kammerstykket går inn, men veeeldig tungt og kiler seg fast. Eg er rimeleg sikker på at litt gods må vekk på utsida av den runde delen av kammerstykket som går inn i løpet. Men eg er veldig usikker på korleis eg skal gjere det. Eg er bittelitt frista til å bruke eit fint slipepapir og prøve meg fram til det glir lettare inn. Er det nokon på forumet som har eit tips? Ser jo at einkelte kan gjere trolldom med verktøy her... :-D


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum