Landmark med skibakkesikte (Kammerlader)

av Fagerstad @, Vestlandet, søndag 16. januar 2005, kl. 19:52 (5384 dager siden) @ Langlund

1. Hva er verdien på en orginal landmark med skibakkesikte, og hvor mye
reduseres verdien når den er boret opp til hagle? Er den blitt fullstendig
verdiløs for samlere?

Det kan verke som det er den mest populære landmarken, kvifor veit eg ikkje. Mulegeins pga. siktet. Eit fint eksemplar vil eg tippe ligg i området 10-14 lappar. Pris er ofte avhengig av kva kjøpar vil betale så prisvurdering er på ingen måte ein objektiv sak når det gjeld antikke våpen. Med oppbora løp så er den verdilaus som samlarobjekt i mine auge. Eg ville ikkje betalt meir enn to lappar for den som veggpynt, andre ville kanskje betalt ein del meir.

2. Hva slags patroner brukte de i et slikt våpen?

Ei randtent 18 lødig patron vil eg tru. Har aldri sett ei slik og dei er sjeldne.

3. Vil det være mulig å skyte med våpnet i dag?

Du kan sikkert få laga til hylser, men det blir vel hagl du må lade med?

4. Jeg hadde alldri hørt om kammerladere gjort om til hagle før jeg kom
over denne. Var dette utbredt praksis?

Det tviler eg på, men ein brukte vel det ein hadde. RB omgjort til hagle er vanleg.


Hele tråden:

 RSS på tråd

powered by my little forum