30. October 2020 kl. 2:14:46
forum.svartkrutt.net

Author Topic: Sappørsabel  (Read 397 times)

17. October 2020 kl. 19:45:32
Read 397 times

Fagerstad


Eg fekk tak i ein sliten sappørsabel nyleg. Den har ein avrunda spiss som eg ikkje veit om er original. Er det nokon som har formeining om det er ein M1905 Sappørsabel eller ei M1912 Knivsag?
Den har merking som kan tyde på at den også har vore ein runde som M1876 KP-bajonett nr. 25, men merkinga er ganske skeivt plassert. Er det nokon som har ei formeining om det er KP-merking?

18. October 2020 kl. 12:35:11
Reply #1

Harald


Hei. No er ikkje eg nokon ekspert, men kikka i Karlsen/Mathiesen/Ruud (1982) Norske blankvåpen 1814-1980. Tek sjansen på å leggje ved eit bilete frå side 129, der eksemplar med tverrslipa spiss vert omtala. H.


18. October 2020 kl. 13:44:49
Reply #2

Fagerstad


Ja, dei for sanitet er slipa tvert av, men min ser ut som ein mellomting. Kanskje det er det som er meint med tverrslipt spiss i boka? Er difor eg er usikker på om det er "originalt". Det kan jo vere at ein sappørsabel har blitt gjort om til knivsag, men er redd for at det er umuleg å vere sikker på det i dag. Med mindre det dukkar opp bilde av liknande tuppar  :)
« Last Edit: 18. October 2020 kl. 13:48:12 by Fagerstad »

18. October 2020 kl. 17:22:31
Reply #3

Tinytim


Jeg tror ikke nr.25 er fra KP, siden det gamle våpennummeret er så synlig. Jeg tror det er fra senere bruk som et sidevåpen,og da kan det godt være fra den tiden den bel brukt som sappørsabel

18. October 2020 kl. 17:37:41
Reply #4

Fagerstad


Takkar Tinytim. Eg har liknande mistanke. Men har aldri sett nummerering av sappørsabel så det er jo artig. Men har ikkje sett mange bilde av dei heller må eg innrømme  :D